GUIDA TUR TIL SKORPA OG KEIPEN
Tilkomsten til havna er for vidarekomne, derfor er ikkje denne storarta opplevinga mogleg for alle. Bli med oss på ein guida tur til fjelltoppen Keipen med fantastisk utsikt mot Sunnmørsfjella!
Fjelltur til Keipen
Høgste punktet på øya er Keipen, 431 m.o.h, den fjerde høgste fjelltoppen i Herøy kommune. Turen vår går vidare frå den fråflytta husklyngen nede ved sjøen til toppen på øya.
Frå om lag 130 høgdemeter fyl ein fjellryggen heilt til topps. Små parti med lett klyving. På toppen og undervegs vert ein belønna med fantastisk utsikt mot øyar og toppar i heile ytre søre Sunnmøre.
I dag vert Skorpa nytta til fritidsbustadar og beite for ein stamme villgeiter. Er ein heldig kan ein under turen få auge på villgeitene, kjende for sine store og flotte horn. Det er funne beskrivelsar av kystgeithold heilt tilbake til 1700-tallet.
—
Turen har en maksgrense på 30 personer
Pris:
Ta kontakt for pris*
*Pris inkluderer guide og båtskyss til og frå Skorpa.
Vanskelighetsgrad: middels
Lengde tur/retur (km): 4.6 km
Total stigning: 431 m høgdemeter
Hugseliste for turen: Varme klede, lett skifte til etter fjellturen, fjellsko, nistepakke, drikke, kamera
For meir informasjon og påmelding:
mk@explorefosnavaag.no
tlf: 90064750

Adresse
Gerhard Voldnes veg 11
Fosnavåg, Norway 6091
Telefon
(+47) 900 64 750
E-post
mk@explorefosnavaag.no