DOLLSTEINHOLA MED BÅT FRÅ FOSNAVÅG

GUIDA TUR TIL DOLLSTEINHOLA

Bli med på guida tur til Dollsteinhola på Sandsøy kombinert med RIB-tur frå Fosnavåg!
Turen startar frå flytebrygga ved Thon Hotell Fosnavåg. Derifrå vert vi frakta med RIB til Sandsøy.

Neste tur: 15. juli, ellers på forespørsel

OM DOLLSTEINHOLA
På vestsida av Sandsøy i Sande kommune ligg den sagnomsuste Dollsteinhola. Dette er ein av dei underligste grottene i landet, og er omtalt i fleire historiske skrifter frå langt tilbake i tid.
Grotta er 180 meter lang, og har 5 rom som er skilt med lange, trange passasjer. Ein må vere godt kledd og utstyrt for å ta seg inn i grotta, for på turen inn må ein klatre over 3-4 meters høge steinblokker, krype i trange passasjer, og halde seg i tau på veg ned ein 30 meter lang, bratt og sleip bakke. Dollsteinhola er i dag eit kulturvernområde. Det knytter seg mange sagn til Dollsteinhola. Blant anna blir det sagt at den legendariske Kong Arthur av England gøymde bort både ein gullringskatt og Den Hellige Gral her på 500-tallet. Ingen av desse er funne til dags dato. Å gå på skattejakt i området kan derfor vere ein spennande aktivitet.
NB! Lokalkjend guide er nødvendig for å gå inn til botnen av grotta.

Turstart: kl 12.00
Oppmøte: Thon Hotell Fosnavåg

Gradering: Middels

Hugseliste for turen:
støvler / fjellsko, hansker og klær som ein kan skitne til, f.eks ein
kjeledress. Hovudlykt, klatrehjelm / sykkelhjelm, niste, drikke, kamera

Tid: ca. 6-7 timer tur/retur Fosnavåg
Pris per person: 950 kr, bindande påmelding
“Først til mølla”, maks 12 pers
*Inkludert i pris: Guide, RIB-tur

For meir informasjon og påmelding:
mk@explorefosnavaag.no
tlf: 90064750


GUIDED TRIP TO DOLLSTEINHOLA CAVE

At the west side of the island Sandsøy in Sande municipality, the intriguing cave Dollsteinshol lies. This is one of the largest and most peculiar caves in Norway, and is has been mentioned in historic documents for centuries.

The cave is 180 metres long, and has got 5 rooms that are separated by long and narrow passages. You need to be dressed appropriately and bring the necessary equipment to explore the cave, since the trip inside includes climbing over walls of 3-4 metres, crawling, and holding on to a rope down a 50 metres long hill. Dollsteinhola is a protected area.The cave has got a lot of legends and myths connected to it, and it is said that the English King Arthur buried a lot of treasures in the cave during the 6th century, including The Holy Grail. None of these treasures have been discovered so far, but an exploration of the area is a fun and exciting activity! NB! A local guide is necessery.

Price per person: NOK 950*
*included: guide and boat (RIB) transportation from Fosnavaag

Start: 12.00 PM at Thon Hotel Fosnavaag

Time: ca 6-7 hours

Tips: Hiking shoes, gloves, clothes will get dirty, so coveralls may be wise, helmet, food, beverage, photo camera.

For booking and more information:
mk@explorefosnavaag.no
tlf: 0047 90064750

Adresse

Gerhard Voldnes veg 11
Fosnavåg, Norway 6091

Telefon

(+47) 900 64 750

E-post

mk@explorefosnavaag.no