Guida turar

Explore Fosnavaag ønsker å gi deg fantastiske opplevelsar frå vårt øyrike ytterst ute i havgapet!

Vi tilbyr guida turar og aktivitetar i Fosnavåg og nærliggande område.

Regionen vår har ein fantastisk natur og ei rik historie som vi ønsker å dele med deg. Utforsk fjell, fjord og fjøre saman med oss i Explore Fosnavaag!

Foreløpig finn du arrangerte turar til ulike reisemål på vår facebook-side: EVENTS

Heimesida vår er under oppbygging, og meir informasjon kjem etterkvart. Vi arrangerar gjerne tur på forespørsel.

Ta kontakt med vår daglege leiar, Marvin Kopperstad, for informasjon om guida turar og opplevingar frå Explore Fosnavaag:
e-post: mk@explorefosnavaag.no
tlf: 90064750

 

FJELLTUR TIL SKAGETÅA

Fjellet ligg på Nerlandsøy i Herøy Kommune, ein kort køyretur frå Fosnavåg sentrum. På toppen av Skagetåa får du ei fantastisk utsikt over Sunnmørsfjella og over sundet ser vi øya Skorpa. Ofte kan vi sjå ørn her, som har reir i Skorpesundet og god matauke i sjøen rundt.

Pris per person:
200 kr uten transport*
*Transport ved behov. Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

FUGLEFJELLET PÅ RUNDE

Guida tur til det tredje største fuglefjellet i Noreg, med eit yrande fugleliv, så vel som eit stort artsutvalg av planter.
Vi kan ikkje garantere, men vi er temmeleg sikre på at du får sjå den berømte lundefuglen.

Pris per person:
300 kr uten transport*
*Transport ved behov. Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

SKORPA OG KEIPEN

Tilkomsten til havna på Skorpa er for vidarekomne, derfor er ikkje denne storarta opplevinga mogleg for alle. Vi blir frakta med båt frå Fosnavåg og går til topps på fjelltoppen Keipen med fantastisk utsikt mot Sunnmørsfjella!

Pris per person:
Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

DOLLSTEINHOLA

Bli med på guida tur til Dollsteinhola på Sandsøy kombinert med RIB-tur frå Fosnavåg!
På vestsida av Sandsøy i Sande kommune ligg den sagnomsuste Dollsteinhola. Dette er ein av dei underligste grottene i landet, og er omtalt i fleire historiske skrifter frå langt tilbake i tid.

Pris per person:
Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

Aktivitets
helg i
Fosnavåg

Sett av datoen 7.-9. september! Explore Fosnavaag arrangerar ulike aktivitetar i vårt fantastiske øyrike ytterst ute i havgapet.

  • guida fjellturar heile helga
  • guida kajakktur
  • Byløpet Fosnavåg, les meir her
  • RIB-turar frå Fosnavåg med Havopplevelser
  • Aktivitetsbasseng på Almenningstorget
  • Trubadur og Bingo og Bobler på Thon Hotel Fosnavaag
  • Gode Greier kjem med Food Truck
  • Boot Camp i parken
  • meir informasjon kjem!

Det blir snart mulig å booke ulike aktivitetar du har lyst å vere med på.
Følg med på eventet vårt på facebook og få informasjon etterkvart som Aktivitetshelg i Fosnavåg legg ut nytt på programmet.

Vi tilrettelegg aktivitetspakkar

Firmatur?

Explore Fosnavaag kan hjelpe deg med å arrangere tur med både overnatting, mat og ulike aktivitetar. Vi har mykje å by på her ute i havgapet!

Kva ventar du på?

Adresse

Gerhard Voldnes veg 11
Fosnavåg, Norway 6091

Telefon

(+47) 900 64 750

E-post

mk@explorefosnavaag.no