EXPLORE FOSNAVAAG

Kontakt oss

Guida turar

Explore Fosnavaag ønsker å gi deg fantastiske opplevelsar frå vårt øyrike ytterst ute i havgapet!

Vi tilbyr guida turar og aktivitetar i Fosnavåg og nærliggande område.

Regionen vår har ein fantastisk natur og ei rik historie som vi ønsker å dele med deg. Utforsk fjell, fjord og fjøre saman med oss i Explore Fosnavaag!

Vi legg til datoar for ulike turar i vårt nærområde, men arrangerar gjerne tur på forespørsel.

VENNETUR

Ta med vennegjengen på tur til Fosnavåg!
Vi tilbyr pakkar til venner som vil oppleve noko utanom det vanlige ytterst ute i havgapet.
Veit du ikkje kva du leiter etter, bidreg vi i Explore Fosnavaag gjerne med idear og skreddersyr turpakke for din vennegjeng.

Pris på forespørsel
KONTAKT OSS

FIRMATUR

Explore Fosnavaag arrangerer tur med både overnatting, mat, konferansefasilitetar, underhaldning og ulike aktivitetar.

Vi har mykje å by på her ute i havgapet!

Pris på forespørsel
KONTAKT OSS

FUGLEFJELLET PÅ RUNDE

Guida tur til det tredje største fuglefjellet i Noreg, med eit yrande fugleliv, så vel som eit stort artsutvalg av planter.
Vi kan ikkje garantere, men vi er temmeleg sikre på at du får sjå den berømte lundefuglen.

Pris per person:
Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

SKORPA OG KEIPEN

Tilkomsten til havna på Skorpa er for vidarekomne, derfor er ikkje denne storarta opplevinga mogleg for alle. Vi blir frakta med båt frå Fosnavåg og går til topps på fjelltoppen Keipen med fantastisk utsikt mot Sunnmørsfjella!

Pris per person:
Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

FJELLTUR TIL SKAGETÅA

Fjellet ligg på Nerlandsøy i Herøy Kommune, ein kort køyretur frå Fosnavåg sentrum. På toppen av Skagetåa får du ei fantastisk utsikt over Sunnmørsfjella og over sundet ser vi øya Skorpa. Ofte kan vi sjå ørn her, som har reir i Skorpesundet og god matauke i sjøen rundt.

Pris per person:
Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

DOLLSTEINHOLA

Bli med på guida tur til Dollsteinhola på Sandsøy kombinert med RIB-tur frå Fosnavåg!
På vestsida av Sandsøy i Sande kommune ligg den sagnomsuste Dollsteinhola. Dette er ein av dei underligste grottene i landet, og er omtalt i fleire historiske skrifter frå langt tilbake i tid.

Pris per person:
Ta kontakt for pris.
BOOK NÅ

Aktivitetshelg i Fosnavåg

Explore Fosnavaag arrangerar ulike aktivitetar i vårt fantastiske øyrike ytterst ute i havgapet. Dato for Aktivitetshelga 2020 kjem, så følg oss på facebook for oppdatering!

Vi tilrettelegg aktivitetspakkar

Firmatur?

Explore Fosnavaag kan hjelpe deg med å arrangere tur med både overnatting, mat og ulike aktivitetar. Vi har mykje å by på her ute i havgapet!

Kva ventar du på?

Adresse

Gerhard Voldnes veg 11
Fosnavåg, Norway 6091

Telefon

(+47) 900 64 750

E-post

mk@explorefosnavaag.no